Tilståing frå ein nyttig idiot

For å gjere det heilt klart har eg aldri meint at korkje professor John Roger Andersen eller den unge journalisten er ein idiot, skriv Jens Evjensvold.

For å gjere det heilt klart har eg aldri meint at korkje professor John Roger Andersen eller den unge journalisten er ein idiot, skriv Jens Evjensvold. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg har sjøl vore ein slik ved eit par høve. Då vart eg utmanøvrert av nokon som var smartare enn meg og har såleis førstehands kjennskap.

Eg hadde eit lesarinnlegg i Firda fredag 11. des. med tittelen «Ein nyttig idiot og enda ein». Eg har fått mange positive meldingar frå meiningsfeller på det eg skreiv, men eg har også høyrt at nokre syntes det var uhøvisk. Det var på ingen måte tilsikta frå mi side. Eg trudde at omgrepet var betre kjent enn det viste seg å vere.

Ein idiot og ein nyttig idiot har to heilt forskjellige meiningar. Sistnemnde omgrep har vore nytta i polemisk ordskifte i over hundre år. Det har ei interessant historie, og den som vil kan google det.

For å gjere det heilt klart har eg aldri meint at korkje professor John Roger Andersen eller den unge journalisten er ein idiot. I ettertid ser eg at eg i tittelen burde nytta hermeteikn: ««Ein nyttig idiot» og enda ein»

Eg er ikkje i tvil om at redaktør Pedersen kjenner omgrepet. Ellers var det ei gledelig overrasking at han i eiga avis rådde til å utsette vedtaket om bilbru. Det vart eit vonbrot, men ikkje uventa, at kommunestyret ikkje følgde rådet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken