Gå til sidens hovedinnhold

Tilsette ved Hauglandsenteret kan bli tatt ut i streik

Frå 19. mai kan det bli streik ved rehabiliteringssenteret i Fjaler.

Fagforbundet tar i første omgang ut sju tilsette ved Røde Kors Haugland Rehabilteringssenter i Fjaler i streik dersom ikkje dei blir samde med forhandlingsmotparten Spekter innan midnatt 18. mai.

Det melder Fagforbundet i ei pressemelding fredag.

Om dei ikkje har kome i mål med forhandlingane før 19. mai, blir det streik frå byrjinga av arbeidstida onsdag.

Striden står i hovudsak om pensjonsordninga.

Les også

Ellen Susanne og Ellen har sjukdommen som ingen kan sjå

Kommentarer til denne saken