Gå til sidens hovedinnhold

Tilsette ved Fagskulen i Førde kan bli tatt ut i streik i morgon

Om streiken held fram, blir fire tilsette ved Fagskulen tatt ut i streik onsdag.

Fleire skular i Vestland blir råka dersom streiken held fram onsdag. Fylkeskommunen melder tysdag at Fagskulen i Førde er ein av desse. Fire tilsette der vil bli tekne ut i streik dersom Unio og KS ikkje blir samde.

Resten av dei fylkeskommunane skulane som kan bli råka om streiken blir utvida onsdag, ligg i Hordaland.

Slik er skulane i Vestland fylkeskommune råka av streik etter andre uttak:

Amalie Skram (59 tilsette)

Arna (27)

Bergen Katedralskole (74)

Fagskolen i Hordaland (25)

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde (4)

Fyllingsdalen (55)

Hafstad (33)

Laksevåg og Bergen maritime (30)

Langhaugen (37)

Mo og Øyrane (58)

Nordahl Grieg (78)

Olsvikåsen (52)

Sandsli (40)

Slåtthaug (33)

Stend (49)

Tertnes (40)

Årstad (73)

Åsane (106)

I Sunnfjord kommune er det tidlegare varsla at alle skulane i Sunnfjord kommune, med unnatak av Holsen, Frøysland, Viksdalen og Karstad skular, blir stengde for all undervisning frå og med onsdag klokka 08.00 om streiken held fram.

Frå før er 110 tilsette i kommunen tekne ut i streik. Dei er tilsette i helse- og sosialtenesta, omsorgstenesta og i barnehage- og skulesektoren. Ved Mo og Øyrane vidaregåande skule er i tillegg 58 tilsette tekne ut i streik..

Les også

Tre barnehagar kan bli råka av streiken – kan få kortare opningstider

Les også

Det er søkt om dispensasjon for halvparten av dei streikande sjukepleiarane: – Viser kor uunverlege vi er

Les også

Skulesjefen: – Fleire skular kan bli stengde frå onsdag av

Les også

På måndag kan Bastian (5) leike med alle i barnehagen

Les også

Britt (34) var den einaste som var tatt ut i streik. Så måtte ho søke permisjon frå den

Les også

Desse blir tekne ut i det nye streikeuttaket

Kommentarer til denne saken