Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett på Burger King koronasmitta

Ein tilsett på Burger King i Førde er smitta av koronaviruset.

Personen var på jobb torsdag 22. juli frå klokka 16.00 til 19.00 og fredag 23. juli frå klokka 12.00 til 13.00, opplyser kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune.

– Dei har gode rutinar, og det er snakk om kortvarig og ikkje direkte kontakt. Det er ingen grunnlag til å setje kundar i karantene, seier Furnes.

Kommuneoverlegen oppfordrar dei som har vore på Burger King i Førde på desse tidspunkta om å vere ekstra nøye på å teste seg raskt ved nye symptom.

Les også

Tre nye koronasmitta

Les også

Fint vêr lokka mange ut – det blei bading, bråk og baluba for alle pengane

Les også

Servitør på Værlandet gjestehamn hadde korona. Ingen andre blei smitta. – Vi er letta no

Kommentarer til denne saken