Tilsett i Helse Førde har testa positivt på korona

Svensk vikarlege i isolasjon.

DEL

Helse Førde opplyser i ei pressemelding at ein tilsett ved Nordfjord sjukehus fredag testa positivt på covid-19.

Den tilsette er ein svensk vikarlege som arbeider ved medisinsk avdeling.

– Vi sette med ein gong i verk tiltak etter dei planane Helse Førde har for handtering av koronasmitte, og er i ferd med å få god oversikt over kontaktflata til den smitta, seier direktør ved medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Pasientar blir sende til Førde

Helse Førde har sidan den positive prøva vart kjent fredag jobba med å spore kva kontakt den tilsette har hatt med kollegaer og pasientar.

– Dei som har hatt med den smitta å gjere blir kontakta av sjukehuset og informerte, og ved behov vil det bli sett i gang individuelle tiltak.

Pasientar som i dagane framover treng innlegging blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen på Nordfjord sjukehus er avklart.

Artikkeltags