Tilset ekspertar frå offshorenæringa

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Statens vegvesen er i ferd med å utvikle heilt ny teknologi for å bygge dei gigantiske bruene som skal gjere E39 ferjefri. Til den jobben, hankar dei no inn ekspertar frå offshorenæringa. Det skriv Vest 24.

– Vi held på med ein tilsettingsprosess no. I tillegg engasjerer vi offshoreekspertar som konsulentar, seier Kjersti Kvalvåg Dunham, som er prosjektleiar for fergefri E39.

Gunstig tidspunkt

Det handlar om store fjordkryssingar over Bjørnefjordeni Hordaland, Sognefjorden i Sogn og Fjordane og Halsafjorden i Møre og Romsdal. Det er prosjekt som krev kompetanse som vegvesenet ikkje har nok av i dag.

Dunham meiner at tidspunktet for å hente inn denne typen kompetanse er god, og seier at vegvesenet er i dialog med offshorefirma som nedbemannar, med sikte på å skaffe seg naudsynt kompetanse.

Personane som for tida blir hyra inn for å konstruere bruer i vêrharde område, har erfaring mellom anna frå å konstruere plattformer og andre konstruksjonar til havs, som er laga for endå tøffare vind- og bølgebelasting enn det bruene på E39 vil måtte tåle.

Nye arbeidsmåtar

Erfaringane som blir henta frå offshorekonstruksjonar er til dømes flyteinstallasjonar og betongkonstruksjonar.

– Vi prøvar å jobbe på ein litt ny måte. I staden for å sette prosjekt ut på anbod, spør vi no først entreprenørane om korleis prosjekta bør løysast. Vi prøver å involvere og trekke vekslar på kompetansen som finst på ulike område, seier Dunham.