Klokka 20.30 melde 110 Vest om eit tilløp til brann i ein tomannsbustad i Vik i Sogn.
Brannen er slått ned, og det er kontroll på staden, melder dei.
Ingen vert evakuerte frå bustaden, og det heile er ganske udramatisk, fortel vaktkommandøren i 110-Vest.
Politiet melder like etter at brannmannskap er på staden. Det skal ha vore tilløp til brannutvikling på ein terrasse og i ein dørkarm. Mange personar skal ha vore på staden, men ingen skal ha blitt skadde.