Frå 1. juli 2022 har regjeringa anbefalt at alle over 75 år skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine.

No er det mogleg å bestille time for denne fjerde dosen på Sunnfjord kommune si nettside.

Dersom du ikkje får bestilt time på nett kan du sende e-post til vaksinasjon@sunnfjord.kommune.no, eller ringe kommunen på 57722000.

Bebuarar på omsorgssentera og innbyggjarar over 75 år med heimetenester får tilbod gjennom sine kommunale tenester.

I Sunnfjord kommune vaksinerer dei kvar veke slik som tidlegare, med unntak av ferieavvikling i veke 29, 30 og 31.