Rute 1116, Askvoll – Gjervik – Fure er tilbake i normal drift frå og med avgangen 12:30.

Fjord 1 meldte at ferja som var planlagt å gå 11:00 frå Askvoll truleg ville gå før tida, grunna ambulanseoppdrag.

Klokka 11:05 skriv dei i ei ny melding at det vart sett opp ein ekstra avgang frå Gjervik til Askvoll klokka 11:00, og at ferja frå Askvoll til Gjervik vil gå klokka 11:15.

Deretter vil dei vente på ambulansen i Gjervik, før dei vender snuten tilbake mot Askvoll.