I min frustrasjon over økonomi og framtidsutsikter for Vestlandsbonden skreiv eg nokre avisinnlegg i lokalavisa Firda.

Det hjelpte nok ikkje for noko anna enn å lette litt på eigen frustrasjon men redaktør Kai Åge Pedersen må ha lese innlegga. Han skreiv følgande i Firda 04. februar 2023:

Ofte kan eit slikt innlegg også vere ein god start på å sette dagsorden for anna redaksjonelt stoff. I neste veke skal Firda ha fokus på alle dei utfordringane landbruket i bygdene våre står i. Kanskje kan Firda få svar der Anton Guddal fram til no har vorte avvist med ein kald skulder?

Det satsar vi på!

Men vinteren gjekk, våren kom og ein fin sommar kom og gjekk. No er vi på full fart inn i hausten. Bønder har gjort sitt arbeid i nemnde sesongar. Nokre bønder har lagt ned og eg undra meg om Pedersen sitt prosjekt om å belyse bønder sine utfordringar har blitt det også.

Håpar Pedersen framleis ser behovet og gleda av levande bygder og norsk matproduksjon. Det er aldri for seint å gjere ein innsats. Håpar Pedersen kan fullføre prosjektet sitt.