Dei seks avdelingane i tredjedivisjon for 2023-sesongen er no klare. Med andre ord er det klart kven dei lokale laga Førde, Florø og Sogndal II skal møte kommande sesong.
Den oversikta er enkel, for alle desse tre laga møter kvarandre i same avdeling til neste år: Avdeling 2.
Fire nye lag
Slik ser avdelinga ut:
Totalt sett er det fire lag som er skifta ut i divisjonen sett opp mot førre sesong. Dette er Eidsvoll Turn, Funnefoss/Vormsund (Fu/Vo), HamKam 2 og Sogndal 2.
– Det er vanskeleg å spå det sportslege nivået. Som i fjor er det mange andrelag, der dei kan stille gode mannskap frå førstelaget, seier Førde-trenar Terje Rognsø til Firda.
Eitt av desse andrelaga er som nemnt Sogndal 2, noko som gir Førde og Rognsø ein ny lokal motstandar denne sesongen.
– Ein veit jo ikkje kor sterke Sogndal 2 vil bli, men det ikkje noko fordel å ha med eit lokalt andrelag. Vi må uansett berre ha fokus på oss sjølve.
Moglegheiter, men utfordringar
Førde tok andreplassen i fjorårets sesong, bak eit suverent Aalesund 2. Kva tenker då Førde-trenaren om den kommande sesongen?
– Eg tenker at det er moglegheiter for opprykk, men eg ser også at det er meir bak resultata i fjor. Då gjorde vi det over all forventning, seier Rognsø, som primært peikar på at det var store utskiftingar av mannskap gjennom sesongen grunna mykje skader.
Skal Førde levere også i år fortel Rognsø at dei må få kontroll på denne problematikken.
Når det kjem til reiseavstandar den kommande sesongen, er desse om lag uendra. Men Rognsø fortel om ein ekstra utfordring også her. Den deler dei med samfunnet elles; nemleg at det har blitt dyrare å reise.
– Vi får håpe det roar seg. Men talet langreiser er om lag uendra. Ålesund er bytt ut med Sogndal, så der vert det noko kortare, men å reise til Austlandet for å spele mot Fu/Vo er litt lenger. Helgene går no! seier Rognsø og ler.

Førde IL stakk av med fire prisar under fotballhelg

Sander har skrive ny kontrakt, men toppklubbar viser interesse
Viss nummer to blir ein bråkmakar, vil Martine ha eit ord med i laget
