Saka vart først omtalt av NRK Vestland.
Over ein lengre periode i 2018 skal mannen ha hatt 533 bilde og 43 videoar som viser seksuelle overgrep mot barn under 16 år.
Han skal ha kome i kontakt med dei fornærma jentene gjennom Snapchat, og fått dei til å utføre grove seksuelle handlingar.
Han skal også ha sendt seksuelle bilde og video av seg sjølv til ei av jentene. Ifølge NRK skal dei fornærma vere frå Nord-Norge og Vestlandet.
Den tiltalte mannen er tidlegare idrettsutøvar med fleire merittar i sin idrett.
No står mannen tiltalt for tre brot på straffelova. Det mest alvorlege har ei øvre strafferamme på seks års fengsel. Politiet har kverrsett ein iPhone, ein data og fleire minnepennar som ein del av etterforskinga.
Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i byrjinga av mai.
Andre krimsaker:

Tiltalt for aktlaust bildrap. I morgon startar rettssaka
Pensjonist tatt for promillekøyring midt på dagen
