Gå til sidens hovedinnhold

Tid for mobilisering: Pensjonistane fortener betre

Artikkelen er over 2 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Fire år på rad har pensjonistane i Noreg tapt kjøpekraft. I år enda trygdeoppgjeret med NULL.

Pensjonistforbundet krev forhandlingsrett på pensjon, inntektsvekst på linje med yrkesaktive, og at trygdeoppgjera skal verta handsama av Stortinget. Pensjonistane opplever same prisvekst på straum, mat og drivstoff som alle andre, og me meiner det er sjølvsagt at pensjonistane skal ha den same inntektsveksten.

No er det tod fpr mobilisering!

Den 6. juni samlar Pensjonistforbundet medlemmar og støttespelarar til ein demonstrasjon framfor Stortinget. Pensjonistane utgjer nær ein million av innbyggjarane i landet, nå er det på tide å markera at me ikkje finn oss i denne urettvise behandlinga lenger!

Her vert det appellar, kulturinnslag og fellesskap. Me håpar mange kan ha høve til å møte opp – politikarane har ansvaret for at pensjonen du har spart opp gjennom eit langt yrkesliv vert mindre verd, år for år. Me skal fortelja at dette ikkje kan halda fram.

Kommentarer til denne saken