Orda tilhøyrer advokat Ole Kvelstad, spesialist på styrearbeid, selskapsrett og kontraktsrett i advokatfirmaet Magnus Legal i Bergen.

I Tibber AS sitt årsrekneskap for 2021 står det nemnt at styret har ansvarsforsikra seg for 50 millionar kroner. Ein styreleiar har ifølge aksjelova eit personleg ansvar for forsvarleg drift. Straumtenesta hadde nær tre milliardar kroner i omsetnad i året som gjekk, og leverte ei botnlinje på minus 182 millionar kroner.

Det kan nemleg bli kostbart for styremedlemene og dagleg leiar om eit selskap gjer feil.

Ei styreforsikring kan dekke alt frå krav frå kreditorar om eit selskap går over ende, men det kan også dekke krav frå tilsette eller tidlegare tilsette eller underleverandørar. Ei forsikring kan og dekke styret dersom det er gjort eit dårleg vedtak som råkar ein tredjepart som vinn fram i ei sak mot eit selskap.

– Dersom det er gjort ei dårleg avgjerd i eit styre, eller at prosessane ikkje er skikkeleg protokollført, så kan det vere grunnlag for å saksøke, seier Kvelstad.

Kommunikasjonsrådgivar i Tibber, Gaute Haaversen-Westhassel kommenterer saka slik:

– Vi har brukt ein forsikringsmeklar som har tatt fram eit vanleg forsikringsprogram for eit selskap av Tibbers storleik, basert på omsetnad og verksemd.

– Tydelege veksesmerter

Denne veka fekk Tibber sine abonnentar melding om at selskapet held fast på modellen med delvis forskotsbetaling trass kritikk og kundeflukt. Leiinga vedgår at det er likviditetsproblem og eit behov for større økonomisk handlingsfridom som er årsaka til avgjerda.

– Tibber er eit selskap med tydelege veksesmerter, og grepet med å endre til forskotsfakturering er oppsiktsvekkande, påpeikar Ole Kvelstad.

Forsikring mot dårlege avgjerder

– Med så store pengar i omløp er eit styre svært eksponerte for krav. Å vere forsikra for 50 millionar kroner er eigentleg ikkje eit veldig høgt tal når det er snakk om slike verdiar. Det har blitt eit større fokus på eit styre sitt ansvar, kreditorane kjenner rettane sine, og veit det kan vere ein mogelegheit å gå etter styremedlemer for å dekke tap. Eit fornuftig og profesjonelt styre forsikrar seg, seier Kvelstad.

Advokaten arbeider som rådgivar for næringslivsklientar nasjonalt og internasjonalt, og har omfattande erfaring frå fagfeltet rundt styreansvar.

Betre føre var

Advokaten rår selskap generelt til å teikne forsikring for styret sitt før det eventuelt går gale, framfor å ringe til han etter at skaden er skjedd. Men kunnskapen om at eit styre kan ansvarleggjerast når det kjem til erstatning har fleire sider.

– Det at fleire kjenner til at eit styre kan ansvarleggjerast har gjort at dei som sit i styrene har auka kompetansenivået sitt og at kvaliteten på styrearbeidet har betra seg dei seinare åra, seier han.