– Påslaget blir endra frå maks eitt øre til maks to øre per kilowattime, skriv Tibber i ein e-post til kundane sine.

Selskapet seier at auka rentekostnadar for straumhandel er årsaka til at dei aukar påslaget sitt. Dette blir ei endring i avtalevilkåra, og den vil tre i kraft 1. juli.

Som eksempel viser dei til ein hushaldning med eit straumforbruk på 15.000 kilowattimar i året. Tibber seier at kostnadsendringa for ei slik hushaldning vil vere at dei må betale 12,50 kroner meir i månaden.

– Tibber skal framleis ikkje tene pengar på straumforbruket ditt, står det i e-posten.

Dette er ikkje den einaste endringa som skjer.

I fjor innførte dei betalingsutsetting via ein ekstern betalingspartnar. Dette vil bli avslutta, men dei opplyser om at kundane framleis kan endre forfallsdato på faktura.

Bonusordninga vil bli endra, mellom anna blir det endringar i kor mange personar du kan verve. Språkleg sett vil det også skje nokre justeringar, ifølge Tibber for å gjere avtalevilkåra tydelegare.

Tibber snur: – Utruleg deilig