Frå ca. 10.30 til 12.30 onsdag stod Sunnfjord sin utrykkingspatrulje på fylkesveg 55 i 60-sona ved Austreim i Høyanger kommune. Der var oppdraget å sjekke om bilistane på vegen haldt fartsgrensa.

Det var det fleire som ikkje gjorde.

Til saman vart det ti personar som fekk forenkla førelegg for å køyre for fort.

– Det er ikkje så mykje trafikk på den strekka, så talet var ganske høgt. Det var fleire enn vi hadde forventa, seier Inge Værøy i UP-patruljen i Sunnfjord.

Værøy fortel det var både menn, kvinner og personar i alle aldersgrupper som fekk bøter denne dagen. Høgaste fart var på 77 kilometer i timen.

– Det var ein mann i vaksen alder, seier han.