KLAR FOR JUL: Madeleine Reme gler seg til å bruke jula saman med familien. På nyåret blir det pumping.
Paulina Sitarz

– Nyttårsforsettet mitt er å bygge musklar

Madeleine Reme (15) frå Innvik elskar jula og alle tradisjonane som kjem med den - spesielt Kurt Nilsen sitt julealbum.
Av
Publisert

Kva ønsker du deg til jul?

– I år har eg tre ting på ønskelista mi: Ulvang genser, trådlaus høgtalar og små vekter. Du skjønnar, nyttårsforsettet mitt er å begynne å bygge musklar.

Har du nokre spesielle juletradisjonar?

– Eg vil eigentleg seie at familien vår gjer dei «basic» tinga. Pynta tre, opna julegåver og går i kyrkja. Det er kjempekoseleg med tradisjonar strekt ut gjennom fleire generasjonar.

Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

– Då ville eg ha innført meir informasjon om psykisk helse på skulen, fordi det blir definitivt ikkje nok omsnakka på skulen i dag!

Kva var den siste songen du høyrde på?

– Det var Himmel på jord av Kurt Nilsen, og hans julealbum må bli min favoritt!

Kor skal du feire jul?

– Eg skal feire sjølve julaftan på barndomsheimen min i Innvik, det er eit eldre, kjempekoseleg hus.

Kor mange presangar skal du kjøpe i år?

– Hmm, når eg reknar med familie og vennar, blir det cirka 10 til saman.

Kor mykje reknar du med å bruke på julepresangar?

– Det er ikkje heilt sikkert å sette eit budsjett, men eg reknar med omtrent 2000 kr.

Har du julekalender?

– Ja, det er tradisjon. I år har eg ein kalender frå The Body Shop.

Kva betyr jula for deg?

– Definisjonen på jul er glede. Det er den mest sentrale høgtida i året der du får bruke tid saman med familie.

Kva er din favoritt juletradisjon?

– Å pynte juletreet, fordi det er så koseleg. Også tar vi det gjerne opp litt etter resten av julepynten, så då blir det ekstra spesielt og gledeleg.

Kva var det siste mobilbildet du tok?

Det var dette her, av meg og veslebrørne.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken