Synnøve Solheim Valvik (16) angrar ikkje på noko

– Eg ser på alt som ei erfaring, seier 16-år gamle Dale-jenta.
Publisert

Viss du hadde vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Då hadde eg bestemt at det skulle vere pizza til varmmat, og så hadde eg fjerna alle dei unødvendige merknadane som har blitt tildelt elevane.

Kva er du redd for?

Eg er eigentleg livredd for småkryp og insekt.

Kven ser du opp til?

Eg ser opp til Tone Damli fordi ho er vakker, naturleg, og så er ho frå ikkje så langt vekke.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

Det var frå Champions League finalen i helga, då Liverpool skåra.

Når laug du sist?

Å fy flate, det byrjar å bli ganske ofte no. Eg hugsar faktisk ikkje heilt akkurat kva det var, men det var vel i går ein gong.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

Eg angrar eigentleg ikkje på noko eg gjer, eg ser på alt som ei erfaring. Sjølv om det er mykje eg gjerne skulle gjort på ein annan måte så er det ikkje noko eg ønskjer å endre på no likevel.

Kva var det siste du googla?

«Fjaler ungdomsskule», fordi eg skulle finne bilde til avslutningsfesten vi skal ha om nokre veker.

Kva var den siste songen du høyrde på?

«Fedrelandet» av Robbin og Bugge.

Kva for kjendis kunne du tenkt deg og gått på date med?

Eg synest Zac Efron er D R I T-fin, men på same tid kunne eg ikkje tenkt meg å gå på date med han. Eg veit faktisk ikkje heilt ...

Kva personar har betydd mest for deg opp gjennom livet?

Alle mine næraste har betydd utruleg mykje for meg, men den personen eg tenkjer på når eg tenkjer på tidlegare minner som har betydd masse må vere besta i Vikja.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken