Synne (18): – Forbildet mitt er mamma, fordi ho er heilt ekte

Om Synne Hellebø (18) frå Lavik fekk vere rektor for ein dag ville ho bestilt pizza frå MonaLisa til alle elevane
Publisert

Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

– Eg tykker rektoren vår på Firda er veldig flink, så det er ikkje stort eg ville endra på. Eg hadde nok berre bestilt pizza til alle elevane.

Kva er du redd for?

Å miste folk eg er glad i.

Kven er forbildet ditt/kven ser du opp til?

– Forbildet mitt er mamma, fordi ho er heilt ekte. Ho er alltid der for meg når eg treng ho, og alltid der for andre når nokon andre treng ho.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

– Det var Daniel Skadal som tok mobilen min og spamma med selfies.

 

Når laug du sist?

– Eigentleg er eg ganske ærleg, eg kan ikkje hugse førre gong eg laug.

Kva var den siste songen du høyrde på?

– Moonlight av Grace VanderWaal. Sola var så fin, så eg måtte ha ein skikkeleg stemningssong.

Viss du kunne skrudd tilbake tida og gjort noko annleis – kva ville det vore?

– Eg trur at ting skjer fordi det skal skje og at ting heng saman. No for tida har eg det ganske fint så eg vil ikkje endre på noko eg har gjort. Men eg rakk ikkje polet i stad, det angra eg på.

Kva var det siste du googla?

– Opningstidene til vinmonopolet, eg blei nettopp 18.

Kva er din store draum?

– Det høyrest kanskje litt klisjé ut, men eg har lyst til å bli noko stort, slik at eg får ei stemme som kan hjelpe folk. Spesielt vil eg hjelpe ungdom med psykiske problem. Eg vil at folk skal tru på seg sjølve og gjere det ein brenn for.

Kva for kjendis kunne du tenkt deg å gått på date med?

– Alle eg vil date er for gamle trur eg ... Kanskje Post Malone for han er utruleg kul. Det er innsida som tel, ikkje utsjånad.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken