Sofie (14) har ein juletradisjon litt utanom det vanlege

VENTAR TIL 1. DESEMBER: Sofie Opheim Arnes går i 9. klasse på Flora ungdomsskule og er elevrådsleiar.

VENTAR TIL 1. DESEMBER: Sofie Opheim Arnes går i 9. klasse på Flora ungdomsskule og er elevrådsleiar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sofie Opheim Arnes (14) frå Florø skal gjerne ha noko søtt til pinnekjøtet sitt.

DEL

Kva ønsker du deg til jul?

Det må nesten bli bunadssølv, eg er jo konfirmant til våren. Elles er pengar alltid greitt.


Har du nokre spesielle juletradisjonar?

Ja, heime hos oss et vi pinnekjøt med sirup til – i alle fall eg og søstera mi. Det er ikkje nokon spesiell grunn for det, anna enn at vi likar det.


Viss du kunne vore rektor på skulen din for ein dag, kva ville du gjort?

Då hadde eg forbetra skulen generelt og fått tak i meir teknologisk kompetente lærarar. Slik det er no, er det elevane som lærer lærarane om iPad.


Når er det innanfor å starte med juleførebuingar?

1. desember! Om ein startar juleførebuingane for tidleg, øydelegg ein det som er spesielt med jula.


Kva var den siste songen du høyrde på?

Secrets av One Republic.


Kor mange presangar skal du kjøpe i år og kor mykje pengar reknar du med å bruke?

Ikkje så mykje, berre nokre få gåver til familien og venner. Vi har laga til ei ordning i vennegjengen nemleg, der alle gir gåver til ein person kvar, slik at det går i ein sirkel. Det ingen som veit kven som kjøper til kven fordi vi trekker tilfeldig.


Kva får deg i julestemning?

Snø, julemusikk, fyre i peisen og å lage peparkaker.


Kva betyr jula for deg?

For meg og min familie er jula meir ein god tradisjon enn noko religiøst. Den har ei meining, og så prøvar vi å samle alle søskena mine, inkludert dei som ikkje bur heime.


Når var du sist redd?

Det var førre veke. Veslesøstera mi hadde gøymt seg nedi ein sovesofa eg sette meg i. Då vart eg redd!


Kva var det siste mobilbildet du tok?

Det er eit bilde av ein kompis frå klassen som spamma meg med bilde av seg sjølv.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken