Ein gong kledde Adrian (18) seg i kjole

Men bildebeviset ligg godt gøymd.
Publisert

Adrian Gangsø Hegrenes (18) frå Florø.

Korleis har du det?

– Eg har det ganske bra.

Kva ville du gjort viss du vann 10 millionar i Lotto?

– Eg ville reist rundt i verda. Til Asia, Afrika, Amerika og over alt eigentleg. Eg vil berre sjå alt det eg ikkje kan sjå her.

Kva er du opptatt av?

– Stil, som i klesstil. Ein stor inspirasjon for meg innanfor mote er Justin Bieber. Eg handlar for det meste på Vi: Ki, Asos og Zalando.

Når laug du sist?

– Det kan eg faktisk ikkje vite. Det er ikkje ofte eg lyg, sidan eg er så dårleg på det.

Kven er ditt forbilde?

– Det må vere storebroren min. Kvifor veit eg ikkje, eg elska han og ser så mykje opp til han.

Kva er det siste mobilbildet du tok?

– Det er av kompisen min, Geir Daniel Natland, som knakk veslefingeren sin her om dagen. På bildet har han akkurat fått gips på handa.

Viss du kunne skrudd tida tilbake og gjort noko annleis, kva ville det vore?

– Eg hadde gjort det eg kunne for å forhindre at kompisen min, Geir Daniel, knakk fingeren her om dagen.

Kva er noko ingen andre veit om deg?

– Hmmm. Det må vere at då eg gjekk i barnehagen, kledde eg og ein kompis på oss kjole. Eg trur eg har eit bilde av det, men må nok leite lenge for å finne det.

Kva er din beste eigenskap?

– Eg trur at ein av mine beste eigenskapar må vere vennskap. I tillegg så føler eg sjølv at eg er ganske snill og morosam.

Kva personar har betydd mest for deg opp gjennom livet?

– Det må vere mamma og pappa. Dei er der alltid for meg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken