Skiskyttarstjerna Johannes Thingnes Bø gjekk inn over fem millionar kroner då han sette sesongrekord med siger i 19 av 25 individuelle renn.

Stryningen tok 16 enkeltsigrar i verdscupen og vann tre individuelle renn i VM. I tillegg vann han verdscupen samanlagt, sprintcupen og jaktstartcupen.

19 sigrar i éin og same sesong er rekord. Det var berre seks renn som ikkje hadde Thingnes Bø som vinnar. Stryningen hadde sjølv den gamle rekorden på 16 triumfar.

Det har gitt klingande mynt i kassa til skiskyttaren som til dagleg held til i Kongsvinger. Heile 461.000 euro (5,2 millionar kroner) står i Thingnes Bøs namn etter sesongen, viser tal frå Det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU).

Han fekk rundt 170.000 kroner for kvar siger i verdscupen og over 300.000 for å vinne verdscupen samanlagt. I VM vart det 300.000 kroner gonger tre med siger på sprint, jaktstart og normaldistanse.

Han var også med på stafettsigrar i Oberhof og fekk med seg nokre kroner også derfrå.

29-åringen har vore overlegen i mange av renna denne sesongen og showa litt i avslutningshelga i Holmenkollen.

(©NPK)