Thea Hjelmeland får 50.000 kroner i nynorskstipend

STIPEND: Thea Hjelmeland får stipend for eit prosjekt med nynorske samtidsstev. Her er ho med leiar av Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

STIPEND: Thea Hjelmeland får stipend for eit prosjekt med nynorske samtidsstev. Her er ho med leiar av Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Foto:

Thea Hjelmeland mottar eit stipend på 50.000 kroner for nynorske stev.

DEL

– Det er kjekt å vere med å bidra til at dette prosjektet vert realisert, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Føremålet er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde. I år var det Thea Hjelmeland frå Førde som stakk av med det eine stipendet.

Hjelmeland er frå Førde, men bur i Bergen. Ho er artist og har fått ei rekke prisar som både musikar, komponist, tekstforfattar, musikalsk arrangør og produsent.

Får stipend for samtidsstev

Stipendet får Hjelmeland for eit prosjekt med nynorske samtidsstev.

– Prosjektet er eit arbeid med tekst til det eg kallar samtidsstev. Det er originale komposisjonar med moderne tekstar i tradisjonelt folkemusikkformat, seier Hjelmeland.

Stipendet skal ho bruke som arbeidsstipend for tekst til nykomponerte samtidsstev.

Langt mellom kinesisk politikk og stev

Kvart år skal det eine stipendet går til ei kvinne, og det andre stipendet til ein mann. I år var det Dag Inge Bøe som fekk det andre stipendet for ein blogg som omhandlar kinesisk politikk.

– Det er eitt visst spenn frå samtidsstev til kinesisk politikk, men dette viser berre at nynorsk er eit språk som passar til absolutt alt, seier Hauge.

– Vi gler oss til å høyre resultatet, legg Hauge til.

MOTTAR STIPEND: Thea Hjelmeland og Dag Inge Bøe mottar stipend for å fremje nynorsk.

MOTTAR STIPEND: Thea Hjelmeland og Dag Inge Bøe mottar stipend for å fremje nynorsk. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken