All helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen frå Bergen er innstilt ut dagen. Flytrafikken er ikkje råka. Det var NRK Vestland som melde om saka først.

I Florø vart eit helikopter frå Visund-plattforma omdirigert til Førde lufthamn tysdag morgon. Også eit rutefly frå Bergen som skulle landa i Florø vart sendt til Førde.

Helikoptertrafikken i Stavanger vart også råka av stans i morgontimane. Følg situasjonen på Heliport.no.

I Florø var DAT-avgangen frå Oslo forseinka. Det skulle ha landa 10.20, men landa 11.16. Lufthamsjef Siv Merete Stadheim var optimistisk for resten av dagen:

– Ifølge vêrmeldingane er det meldt meir vind frå klokka 12 i dag, då reknar vi med at tåka vil lette og at vêret betrar seg utover dagen. No ser vi ein flik av blå himmel og sola er i ferd med å bryte igjennom her på lufthamna, fortel ein optimistisk lufthamnsjef til Firdaposten.

Det fekk ho også rett i. Flytrafikken frå Florø går, men ein må rekne med forseinkingar.