Testar ny slåtte-robot på Vestlandet

Av

Ved Nibio Fureneset i Fjaler kommune skal roboten Thorvald i sommar slå graset fem gongar for å auke fôrkvaliteten.

DEL

– Dette er ei utprøving av eit heilt nytt slåttesystem. Både når det gjeld grassortar og talet haustingar, fortel forskar Liv Østrem ved NIBIO Fureneset i Fjaler i ei sak på nettsidene til Nibio.

Poenget er å hauste når ein kan få optimal kvalitet på graset, og ikkje når vêret tillèt at ein kan komme utpå med tunge maskiner.

Roboten liknar i prinsippet ein traktor. Den kan koplast til ulike verktøy eller utstyr. Den er elektrisk og alle hjula har eigen framdriftsmotor. Kvart hjul kan styrast individuelt - noko som skal gjere den lettare å manøvrere.

– Det er ei lett og smidig maskin som i stor grad kan programmerast for å jobbe sjølvstendig. Dermed kan den også arbeide på jordet gjennom heile døgnet. Så mindre kapasitet blir vegd opp av at den kan jobbe lenger, seier forskar Anders Aune.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken