Nyleg braut det ut koronasmitte på Eid. Det førte til at born og tilsette ved avdeling to ved Golvsengane barnehage og ved klasse 1A og 1B ved Nordfjordeid skule vart sett i karantene.

Fredag ettermiddag vart borna og dei tilsette, for andre gong gjennom karantenen.

Laurdag kveld kom prøvesvara på alle utanom sju. Desse prøvane var negative, melder kommuneoverlege Thomas vingen Vedeld i ei pressemelding. Dei siste sju prøvesvara er venta i løpet av søndag.

Alle born og tilsette som fekk negativt prøvesvar for andre gong kan no gå ut av karantenen sin. Dei som framleis ventar på svar, må halde seg i karantene.

I den ordinære testinga på Eid var det heller ingen positive prøvar fredag. Totalt har ein fått svar på 102 prøvar laurdag.