Gå til sidens hovedinnhold

Testa 68 personar – 55 er sett i karantene

[SOGN AVIS]: Høyanger kommune melder at statusen per 26. 11 var at tre er påvist smitta av korona og alle tre er frå same husstand.

55 personar er sett i karantene. Kommunen utførte torsdag 68 testar, desse ventar dei svar på fredag ettermiddag, skriv kommunen på sine heimesider.

Dei har også ein utanlandsk person som er påvist smitta og som sit i isolasjon i same kommunen.

Det er bestemt at Vadheim oppvekstsenter er stengt fram til og med 6. desember 2020.

Det går føre seg smittesporing og alle som det er relevant for med tilknyting til oppvekstsenteret fekk tilbod om testing torsdag.

Les også

Familie smitta i Vadheim. Skulen og barnehagen stengt: – Det går fint

Les også

Ein person smitta ved Peak Sunnfjord: – No må vi finne ut kva vi skal gjere

Les også

Korona-tilfelle i Florø – sju i karantene

Kommentarer til denne saken