110 Vest melde klokka 14.22 om røykutvikling i terrenget under ei høgspentmast i Steinabakken-området i Luster.

Brannvesenet var då framme på staden og hadde sett røyk oppe i terrenget. Dette var meldt å vere eit stykke frå bilvegen.

Mannskapet hadde då køyrt så langt dei kunne, og måtte difor ta seg vidare i terrenget til fots.

Klokka 16.00 melde 110 Vest at brannen er sløkt.