Terje selde så mange bøker at han fekk antikvitvaskings-avdelinga på døra

FORFATTAR: Terje Lyngstad har selt nesten heile opplaget av boka hans «Etterlyst». Halvparten av opplaget på 600 var faktisk seld allereie før ei einaste bok var trykt.

FORFATTAR: Terje Lyngstad har selt nesten heile opplaget av boka hans «Etterlyst». Halvparten av opplaget på 600 var faktisk seld allereie før ei einaste bok var trykt. Foto:

På kort tid vippsa mellom 200 og 300 personar Terje Lyngstad 299 kroner kvar. Det sette i gang alarmane i Sparebanken Sogn og Fjordane.

DEL

Halvparten av opplaget til Terje Lyngstad (53) si bok «Etterlyst» blei bestilt allereie før boka var trykt. No har han berre vel hundre att av opplaget på 600.

– Eg hadde tenkt at eg ville gå i null med ei omsetning på kring 50.000 kroner, men så langt har eg omsett for vel 130.000 kroner. Det er svært overraskande.

Det seier eks-teatersjef, spreking, fagskulelærar og ikkje minst forfattar Terje Lyngstad til Firda.

Antikvitvaskings-alarm

Så raskt blei bøkene bestilt, at antikvitvaskingsavdelinga ved Sparebanken Sogn og Fjordane trykte på alarmknappen. Heller ikkje Lyngstad var budd på den store interessa.

– Dei såg at det var unormalt stor aktivitet på kontoen min, ettersom dei som kjøpte bøkene vippsa til mitt private telefonnummer. I løpet av kort tid hadde mellom 300 og 400 personar vippsa meg 299 kroner kvar for boka, humrar Lyngstad.

For kjem det inn meir enn 50.000 kroner i sal, er det andre reglar for skatt og meirverdiavgift: Under 50.000 kroner slepp du betale moms på momspliktig omsetning, men får du inn meir enn det må du betale moms. Og Lyngstad hadde ikkje trudd at han kom til å selje over den maksimumsgrensa.

– I tillegg, dersom du kryssar den grensa, kan du ikkje lenger ha firmaet ditt i Einingsregisteret. Du må registrere det i Føretaksregisteret. Så no er selskapet mitt frå 1997, som er det som står bak boka, etablert i Føretaksregisteret, seier Lyngstad og legg til:

– Eg underviser i elevbedrift ved Fagskulen i Sogndal, og dette har verkeleg vore ei lærerik oppleving eg vil formidle til elevane mine, seier han.

68 korttekstar

«Etterlyst» inneheld 68 korttekstar som Lyngstad har skrive; alt frå humoristiske og sjølvironiske tekstar til ein god porsjon overdriving, satire og ironi.

Mykje handlar ifølge forfattaren sjølv om språk: Korleis vi bruker det og korleis det av og til fører til misforståingar. Og han sparkar gjerne oppover, på vegner av minoritetsgrupper.

Men – presiserer Lyngstad – han er ikkje forfattarstemma i boka: Han låner i staden stemma til folk han gjerne ikkje har forståing for.

Boka gav han ut på eige forlag, og blei til etter oppfordring frå vener på Facebook som likte dei korte, morosame tekstane han la ut.

Så langt har to vidaregåande skular kjøpt boka hans til bruk i norskundervisninga. Nynorsksenteret har også meldt interesse for boka hans.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken