Gå til sidens hovedinnhold

Tenkt deg på fest i helga? – Tenk deg om

Regjeringa vil ikkje stramme inn på regelverket for heimefestar, men Bent Høie har ein klar beskjed.

– Mi oppmoding er at ein bør kunne vakne opp på søndag og tenke at ein ikkje har gjort noko i helga ein angrar på, og at ein tenker på at det er auka smitte no, ikkje minst blant unge vaksne, seier helseministeren til NTB.

Anbefalinga er å ikkje ha meir enn 20 deltakarar på private arrangement, som t.d. heimefestar. Dette er ikkje ei lov som du kan straffast for å bryte, men ei anbefaling.

Høie meiner likevel at alle bør følgje råda.

– Vi seier at ein ikkje bør ha meir enn 20 personar heime på fest. Og der er grensa knytt til at ein kan halde 1 meters avstand. Det er få av oss som har hus der vi kan ha 20 vener heime samstundes. Dei fleste kan ha færre. Det er og viktig å hugse på, seier Høie.

Larris-sjefen: Nokre gjestar snur nærmast i døra

Fryktar dei må stenge barnehagane

Regjeringa innfører krav om bordservering av alkohol på arrangement

Kommentarer til denne saken