– Tenk deg 800 kvadratmeter til kunstverka mine her i Kalvåg. No treng dei ikkje mygle i ein kjellar lenger!
«Galleri Torsheim.» Det er namnet på Knutholmen sitt nye, storslåtte bygg. Her vil kring 250 kunstverk av Oddvar Torsheim få si permanente utstilling. Og Knutholmen får eit moderne konsert- og konferanselokale.