Gå til sidens hovedinnhold

Tenåringsjente på sykkel har kollidert med bil på Rallarvegen

Politiet melder at dei har fått melding frå AMK om ei ulykke på Rallarvegen. Ei ung jente på veg med Flåm har kollidert med ein møtande bil på Rallarvegen.

– Jenta skal vere bevisst, men opplyser å ha smerter. Det er ikkje sagt noko om personskadar, skriv politiet på Twitter.

Så langt er farten til dei involverte ikkje kjend.

Klokka 17 var både ambulanse, luftambulanse og politi på veg til staden.

Jenta har vore i følge med fleire andre syklistar då ulykka skjedde.

Sendt til sjukehus på Voss

Ambulanse var framme på staden klokka 17.15, men politiet har framleis eit stykke igjen før dei er framme. Vest politidistrikt opplyser klokka 17.15 at dei så langt ikkje har ytterlege opplysningar rundt hendinga.

Klokka 17.50 melder politiet at den 14 år gamle jenta er på veg til sjukehuset på Voss.

Politiet er også komne til staden, og patruljen snakka med vitne og med føraren av bilen.

Klokka 18.50 har politiet fått meir informasjon om kva som hende.

– Syklisten og bilen trefte kvarandre i ein uoversiktleg sving. Sykkelen trefte fronten på bilen. Det er ingen mistanke om at føraren i 40-åra var ruspåverka.

Kommentarer til denne saken