Praksis tente røykeri-gutane til å lese fag

Jaran G. Rysjedal, Jo Kårstad og Adrian Moldestad skipa elevverksemda «Halbrend Røykeri» og vart kåra til Beste bedrift i konkurranse med om lag 30 andre elevbedrifter. Her fôrar dei Jøtul-omnen med sprakje. Lærar Roy Inge Råheim passar på at alt går rett for seg.

Jaran G. Rysjedal, Jo Kårstad og Adrian Moldestad skipa elevverksemda «Halbrend Røykeri» og vart kåra til Beste bedrift i konkurranse med om lag 30 andre elevbedrifter. Her fôrar dei Jøtul-omnen med sprakje. Lærar Roy Inge Råheim passar på at alt går rett for seg. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Å få lære å byggje opp ei bedrift frå grunnen av har vore utruleg kjekt og inspirerande, seier Jaran G. Rysjedal til Firda.

Saman med Jo Kårstad og Adrian Moldestad etablerte 10.-klassingane ved Halbrend skule i Førde elevbedrifta «Halbrend Røykeri».

Forretningsideen er å salte og røykje fisk og kjøt, vakuumpakke det og sjølvsagt selje det.

Torsdag deltok gutane på ei elevbedriftsmesse som gjekk av stabelen i Naustdal der dei konkurrerte med om lag 30 andre elevbedrifter. Der fekk dei 1.-premie i klassen "Beste elevbedrift" og 2.-premie i klassen "Beste idé".

Skryt for god smak

– Vi fekk skryt for god og høveleg salt og røyksmak på produkta våre, fortel Jo Kårstad og legg til at dei òg fekk skryt for at  varene var vakuumpakka, og for at vi hadde utvikla eigen logo for bedrifta.

Bak Elevbedriftsmessa står organisasjonen «Ungt entreprenørskap», ein ideell organisasjon som i samspel med mellom anna skule og næringsliv har som mål å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.

Lei all teorien

– Både Jaran, Jo og eg har for lengst bestemt oss for ei yrkesfagleg utdanning, og vi er alle tre litt leie all teorien på skulen. For elevar som oss er opplegget med å få etablere og drive ei elevbedrift fantastisk bra, seier Adrian Moldestad. 10.-klassingen meiner at avbrekket med 5 timar praktisk arbeid òg gjev kveik til den teoretiske delen av skulekvardagen.

– Då vi starta opp visste vi lite om marknadsføring, rekneskapsføring, kjøp og sal, salting og røyking, og alt det andre vi måtte kunne for å lukkast. Men engasjerte lærarar inspirerte oss til å lese teorien som var naudsynt, smiler Moldestad. 

Verdfull læring

«Arbeidslivsfag» er eit alternativ til 2. framandspråk og timetalet per veke er tre. I tillegg kjem valfaget «Produksjon av varer og tenester» med to timar per veke.

– Eg tykkjer det er for mykje press på oss elevar om å velje studiespesialisering. For dei av oss som veit at vi aldri kjem til å gå den vegen er praktisk læring kombinert med teori av mykje større verdi.

– Teori interesserer oss mindre enn praktisk arbeid og det å skape noko, men eg tykkjer skulen er lite tilpassa at vi praktikarar skal få utvikle evnene våre, seier Kårstad, som har søkt seg inn på Teknikk og industriell produksjon (TIP) på Øyrane vidaregåande skule.

Der får han følgje av Rysjedal på Bygg og anlegg, og Moldestad på Elektro.

– Vi har snakka med leiarar i mange bedrifter, og dei seier at dei helst vil ha folk med yrkesfagleg utdanning og bakgrunn. Difor håper eg at ordninga med praktisk læring i skulen vert styrka, avsluttar Kårstad.

Gutane har side på Facebook under namnet Halbrend Røykeri.

Artikkeltags