Martin trassa vårsjuka for Vårspretten

Marco Labidi Førde, Martin Vie og Torsteinn Løken Nydal spelte på Vårsprett

Marco Labidi Førde, Martin Vie og Torsteinn Løken Nydal spelte på Vårsprett Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

260 spente kulturskuleelevar fylte Storsalen til heilaftans førestilling.

DEL

– Eigentleg er eg ganske sjuk, men eg berre måtte vere med! 

Martin Vie (11) trassa feberen og hovudpina og sat i Festsalen og varma opp då Firda snakka med han. Rundt han kvitrar det i blokkfløyter, songstemmer og felestrengar.

– Eg er litt nervøs, men eg gler meg. Det er andre gongen eg er med, så eg hadde veldig lyst til å prøve meg igjen.

Med seg har han kameratane   Torstein Løken Nydal (11) og Marco Labidi Førde (11). Martin og Torstein skal spele kornett saman på det nest siste stykket, medan Marco alt har stått på scena.

– Familien min er her for å sjå meg spele. Vi var tre stykke som spelte saman på eit piano. I går måtte eg øve meg på å springe rundt pianoet for å nå fram i tide til neste tone. Eg skulle ha øvd litt til, men det gjekk bra.

5 verdsdelar

Gutane grip kornetten, og får følge av eit par jenter. Nokre lovande tonar slepp ut før rektor Turid Skarvatun minner dei på å kvile leppene.

– Eg håpar det går bra, seier Martin.

Natalia Ólassdottir ser ikkje særleg nervøs ut der ho står, midt på dørstokken. Ho og felespelarane er neste nummer ut. Men kva skal dei spele?

– Eg hugsar ikkje heilt kva songen heiter, men eg hugsar korleis eg spelar han, seier Natalia.

– Vi som spelar fele har litt forskjellige lærarar, min heiter Henry.

Den andre felelæraren, Synnøve Bjørset, står alt på scena. Ho er programleiar for kvelden.

– Det er så kjekt at vi kan spele saman, at vi som har spelt i mange år og dei som er heilt ferske kan lage musikk saman, seier ho.

Synnøve fortel at dei skal spela ein blanding av ein norsk polka og ein kinesisk song som heiter Moo-Lee-Hwa, eller Jasminblomsten. Kanskje var det ikkje så rart at Natalia ikkje hugsa namnet?

Programmet er variert og temaet for kvelden er «5 verdsdelar». Publikum får høyre alt frå asiatiske tonar, til opera og amerikansk blues.

Inkluderande samspel

Heilt utan at nokon har merka det har Martin sneke seg inn og stilt seg langs sida av salen. Plutseleg står han i flaumlys med kornetten høgt heva. Det blenkjer i messingen. Overraska snur publikum seg etter lyset og lyden.

Martin spelar ein kanon frå Afrika, og får svar frå Torstein som står på andre sida av salen, saman med dei andre kornettistane; Tomba, tomba, tomba! Klart og presist.

Når applausen legg seg ber det rett vidare til det store avsluttingsnummeret; Masaidansen. Martin, Torstein, Marco, Natalia og over 200 andre kulturskule elevar står samla på scena og hoppar av glede.

–Eg vert så rørt, seier ein far til rektor like etter konserten.

– Dottera mi har kvidd seg for å spele så vi kan høyre ho heime i stova, og no spelar ho for heile Storsalen. Dei er så dyktige, alle saman, og alle får vere med.

– Eg byrjar nesten å grine no, svarar rektor.

– Du har heilt rett. Alle kan lukkast her, sjølv ein ikkje er den som spring raskast på fotballbana. Musikken er inkluderande!

Artikkeltags