(SOGN AVIS): Natt til søndag fekk politiet melding om to valdsepisodar i Førde. To tenåringsgutar var involverte i den eine.

– Det handlar om kroppskrenking, ein hevda seg slegen med ei flaske og hadde kutt frå glasskår. Dette skjedde på ei privat adresse i Førde, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt.

Politiet fekk kontroll på den som var mistenkt for ugjerninga. Fornærma hadde ikkje store skader, men det vart tilkalla ambulanse til staden og fornærma vart undersøkt på legevakt.

– Politiet opprettar sak og mistenkte fekk pålegg frå politiet om å ikkje oppsøke fornærma, seier Ommedal.

Også den andre hendinga skjedde på privatadresse i Førde.

– Ei kvinne varsla om at ein mann gjekk til angrep på ho, seier Ommedal.

Han kjenner ikkje relasjonen mellom dei to, men kvinna skal ikkje hatt behov for helsehjelp.

– Vi fekk kontakt med mannen og det vert ikkje oppretta sak frå politiet si side no, men det kan bli vurdert seinare. Mistenkte blei køyrt heim til eiga adresse, seier Ommedal.