Gå til sidens hovedinnhold

Telia har tekniske problem

Fleire brukarar melder torsdag kveld om problem med Telias tenester.

Brukarar byrja å melde om problem like før klokka 18 torsdag kveld, viser nettsida Downdetector , som sporar problem for ulike nettsider og tenester.

Fleire kundar har kontakta Dagbladet og rapportert om feil med internett, nettsida til Telia og at dei ikkje kjem igjennom hos kundeservice. Også VG og TV 2 skriv det same.

På Telias nettsider kjem følgjande melding opp:

– Vi har dessverre problem med Telia.no akkurat no, så du ser no ein forenkla versjon av framsida i staden.

Både VG og NRK melder at dei har tekniske problem som følgje av feilen.

Det er andre gong på få dagar at Telia har tekniske problem. Måndag kveld var fastnettet til Telia nede fleire stader.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken