Gå til sidens hovedinnhold

Telia har løyst dei tekniske problema

Fleire kundar hadde torsdag kveld problem med mobil- og fastnettet til Telia, men selskapet opplyser no at driftsproblema er løyste.

– Problema med mobil- og fastnettet vårt er no løyst, og vi ser at trafikken er tilbake til normalt. Vi beklagar så mykje overfor dei kundane som var ramma. Problema var forårsaka av ein intern feil, skriv Telia i ei pressemelding klokka 19.47.

Brukarar byrja å melde om problem like før klokka 18 torsdag kveld, viser nettsida Downdetector , som sporar problem for ulike nettsider og tenester.

Både VG og NRK melde at dei hadde tekniske problem som følgje av feilen.

Det er andre gong på få dagar at Telia har tekniske problem. Måndag kveld var fastnettet til Telia nede fleire stader.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken