Hadde feil på mobilnettet i heile landet

Artikkelen er over 3 år gammel

Telenor fekk feilen retta etter tre timar

DEL

Dersom du sleit med å ringe i dag, er du langt frå åleine. Telenor melde om feil med mobilnettet i heile landet.

På Facebook melde Telenor at det var utgåande samtalar som var råka, og kring 30 prosent av desse anropa var det feil på.

Telenor anbefalte kundane som sleit med å ringe ut, om å prøve på nytt.

Like etter klokka 14.00 melde selskapet at feilen er blitt retta.

– Telenors driftsmiljø har sidan feilen oppstod, jobba på spreng med å feilsøke og feilrette. Vi beklager dei problema denne feilen har medført for våre kundar, skriv Telenor.

Artikkeltags