Margrethe og familien har aldri hatt god nettdekning - no skal Telenor legge ned breibandtilbodet deira

DÅRLEG DEKNING: Margrethe Vie Myren bur i Myren i Haukedalen. Ho mister breibandet 1. september sidan Telenor skal nedkople linja dei no brukar.

DÅRLEG DEKNING: Margrethe Vie Myren bur i Myren i Haukedalen. Ho mister breibandet 1. september sidan Telenor skal nedkople linja dei no brukar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HAUKEDALEN: – Arrogansen har ingen grenser her, meiner Margrethe Vie Myren.

DEL

Tidlegare i sommar fekk Margrethe Vie Myren og familien brev frå Telenor om at breibandtilbodet til garden på Myren i Haukedalen kjem til å bli avslutta den 1. september.

– Dei tilbydde oss ei mobil løysing som eg prøvde ut. Då såg eg med ein gong er at dette er den dyraste løysinga som finnast. Vi har rett og slett ikkje råd til å betale det, seier Vie Myren.

– Dette er arroganse på høgaste nivå.

– Dyraste løysinga

Etter å ha motteke brevet frå Telenor, skreiv ho sjølv brev og sende til dei.

– Eg er lei av å prate med desse kundesentera, så eg sende brev til Telenor og bad om ei utsetting sidan vi ventar på fiberutbygging som er planlagt ferdig hausten 2018. Som svar fekk eg berre ein telefon der dei sa at det var blitt bestemt at 1. september var dagen linja skulle koplast av, men at eg kunne få prøve det mobile tilbodet, forklarar Vie Myren.

Etter å ha prøvd ut løysinga, ser ho ikkje på det mobile modemet som ei gunstig løysning.

– Dette er nok ei løysing som kan fungere for hytte og fritidsbruk, men med ein familie på fem som skal bruke internett har vi brukt opp datamengda fort. I tillegg er 4G-dekninga ujamn her, så linja vil vere ustabil, seier Vie Myren.

MOBILT MODEM: Margrethe Vie Myren er ikkje fornøgd med alternativet dei har fått frå Telenor.

MOBILT MODEM: Margrethe Vie Myren er ikkje fornøgd med alternativet dei har fått frå Telenor. Foto:

Nesten 2000 kroner meir

I fjor skreiv Firda om at familien og naboane kunne stå utan nett i fleire månader. Då tok Telenor til seg kritikken og utsette datoen for nedkoplinga av koparlinene i Haukedalen med eitt år.

No verkar det som om dagen er kommen, men sjølv om familien Vie Myren har fått eit alternativ, er ikkje Vie Myren begeistra over at ho er tvungen til å ta i bruk den mobile løysinga.

Etter å ha rekna på kva det nye tilbodet vil koste, meiner ho at familien vil måtte betale minst 1800 kroner meir for breiband i kvartalet enn kva ho gjer i dag.

Les også: – Det blir som å reise tilbake til steinalderen og – Du får jo sjokk, vi er jo så avhengige av internett

Betalar full pris for dårlegare produkt

Det er ikkje slik at dårleg mobil- og nettdekning er noko nytt for familien Vie Myren.

– Her går det så treigt å laste inn ei internettside at ein kan gå og skjenke seg kaffi og når ein kjem tilbake så er sida framleis ikkje lasta inn, seier ho nokså lattermildt.

Hos dei må mobiltelefonane alltid ligge i karmen av vindauge for å få inn signal, og dei må ofte ut på terrassen skal dei sjå videoar eller snakke i telefonen. Å sjå på TV eller videoar på dataen har aldri vore mogleg for dei.

På dagen Firda var på besøk viste linjehastigheita på ADSL-linja berre 0,6 Mb/s, men andre dagar kan den vere nede på 0,2 Mb/s. Dette er langt under normalen for eit standard breibandtilbod, som ligg på mellom 2–6 Mb/s ifølge Bredbåndsguiden.

UT PÅ VERANDAEN: – Om vinteren er det ikkje noko kjekt å måtte gå ut på verandaen for å bruke telefonen, seier Vie Myren.

UT PÅ VERANDAEN: – Om vinteren er det ikkje noko kjekt å måtte gå ut på verandaen for å bruke telefonen, seier Vie Myren. Foto:

– Surt

Sjølv om tilbodet har vore dårlegare, har familien alltid betalt full pris hos Telenor.

– Ein treng jo nett til alt no om dagen. Både skulearbeid og bank. Så ein er jo reint avhengig av å ha det, seier Vie Myren, og legg til at dette har også resultert i høge mobildatapakkar for ungane.

Ho trur at med prisen for det mobile modemet oppå prisen av desse pakkene, vil dei totalt betale cirka 9000 kroner til Telenor i kvartalet.

– Det er altfor mykje. No har vi betalt fullpris for ei elending vare i så langt tid, og så kjem dei med dette her. Vi har vore tolmodige synest eg. Det her føler eg er svært urettferdig, seier Vie Myren oppgitt.

– Eg føler at vi ikkje blir tekne på alvor og at vi ikkje er gitt noko alternativ.

Telenor: – Linja kan ikkje haldast ved like

Magnus Isaksen Lie i Telenor forklarar at grunnen til at breibandtilbodet i Haukedalen no blir lagt ned, er fordi teknologien i linja ikkje lenger kan haldast ved like.

– Telenor varsla kommunen allereie sommaren i 2016 om at dagens breibandtilbod på ADSL i Haukedalen kom til å bli avvikla på grunn av gammal teknologi som ikkje lenger har komponentar i produksjon for vedlikehald, seier Lie.

Han legg til at dersom den mobile løysinga ikkje fungerer, kan Telenor halde oppe det noverande breibandtilbodet fram til 1. februar 2018 etter avtale med kommunen.

Viser til gode målingar

Sjølv om Vie Myren opplever dekninga som ujamn, viser målingane Telenor har gjort i området god dekning.

– Vi har vore på synfaring på alle dei aktuelle adressene i Haukedalen og sjekka hastigheita over 4G-nettet. Alle stadar blir målt til 10 Mb/s eller raskare. Difor vil kunden få eit betydeleg betre nettilbod enn i dag, og mobilnettet er eit godt alternativ til fast breiband, seier Lie.

Han meiner eit mobilt breiband vil gi betre kapasitet og nettoppleving enn dagens ADSL-tilbod i området.

Til Vie Myren si tilbakemelding om at dette kjem til å bli kostbart, seier Lie at det mobile modemet er Telenor si anbefaling.

– Det beste er om kunden tar kontakt med oss slik at vi finn ut kva dette vil koste og komme fram til ei god løysning som passar for dei, seier Lie.

TREIGT: Vie Myren plar hente seg kaffi medan ho ventar på at internettsidene skal laste seg opp.

TREIGT: Vie Myren plar hente seg kaffi medan ho ventar på at internettsidene skal laste seg opp. Foto:

 

Artikkeltags