Telenor merkar stor auke i telefonsamtalar

Rapporterer 50 prosent auke i mobilsnakking dei siste to vekene.

DEL

Telenor har merka kraftig auke i trafikken etter at korona-smitta kom til Norge. Dei to siste vekene har mobilprating auka med 50 prosent, mobildata med 25 prosent, breibanddata med 30–40 prosent og SMS-ar med 22 prosent.

Ein stor del av SMS-veksten kjem frå at staten sender meldingar til innbyggarane, skriv dei.

– Nettet toler denne ekstra belastninga. Vi er godt rusta for ytterlegare vekst også, seier Petter-Børre Furberg, administrerande direktør i Telenor Norge.

Han fortel at dei har løpande kontakt med kundar i bedrifts- og privatmarknaden.

– Vi får tilbakemeldingar om at enkelte opplever tregleik i pålogging frå heimekontor. Dette har oftast samanheng med at heimekontorløysingane ikkje er dimensjonert for så mange samtidige oppkoplingar. Vi ser saman med bedrifter på moglegheiter for å auke denne kapasiteten.

Telenor har i desse tider sett i verk tiltak for at folk er på nett. 80 prosent av landets teletrafikk går gjennom deira nett.

Mellom anna har dei auka kapasiteten på fleire hundre basestasjonar der trafikken aukar. I tillegg held dei løpande kontakt med sine entreprenørar for å sikre rask feilretting når det er behov for det.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken