Gå til sidens hovedinnhold

Telenor har problem med telefonlinjene

Trøbbel for Telenor gjer at kundar har problem med å ringe og ta imot anrop.

Telenor har problem med taleanrop. Melding og internett skal fungere som normalt.

– Vi jobbar for fullt med å rette feilen. Vi må berre beklage til dei som er råka, seier pressevakt i Telenor Magnus Lie til VG som meldte saka først.

Uvisst tal råka kundar

Telenor oppgir at det er dei som har 4G Tale, det vil seie nyare telefonar, som kan oppleve problem. 4G Tale er eit nytt, meir moderne mobilnett som blei lansert i 2015. For dei som har telefonar frå før 2015 skal anrop fungere normalt

Telenor kan ikkje svare på kor mange kundar det gjeld eller kva som er grunnen til problema.

Rett før kl. 15.30 kom beskjeden om at problema knytt til taletrafikken er fiksa. Telenor fortset å overvake trafikken for å sikre stabilitet.

Kabelbrot

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, fortel seinare til NRK at eit kabelbrot i eit vatn utanfor Voss gir problem med mobildekning og internett-tilgang i fleire kommunar på Vestlandet. Brotet skal vere ved Lønavatnet, og det råkar ei rekke basestasjonar. Stranda, Kinn, Voss, Bremanger, Stad, Gloppen og Stryn er blant dei råka kommunane.

Det har også skjedd eit sjøkabelbrot utanfor Måløy i Kinn kommune.

– Vi er i ferd med å skøyte kabelen. Konsekvensen av feilen er relativt avgrensa, seier Henriette Holte, Informasjonssjef i Telenor.

Les også

Saknar du møblane dine? Øystein ser gjerne at du kjem og hentar dei

Les også

Omgangssjuka på Gotatoppen var norovirus: – Men no er utbrotet heldigvis over

Les også

Hallsaka kan verte løyst: – Det er nok nokon som taper på konkursen, men det blir ikkje oss

Kommentarer til denne saken