Telefonen «eksploderer» hjå Helse Førde: – Ring berre viss du absolutt treng kontakt

FOR MANGE SOM RINGER: Berre ring om det er høgst naudsynt, melder Helse Førde.

FOR MANGE SOM RINGER: Berre ring om det er høgst naudsynt, melder Helse Førde. Foto:

Det er stor pågang på telefonlinja hjå Helse Førde. Kommunikasjonssjef oppmodar om å la vere å ringe om du kan.

DEL

– Det er svært mange som ringjer inn til oss no. Vi vil oppmode om at berre dei som absolutt treng å ha kontakt med oss, ringer, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Han seier det gjeld for Helse Førde sitt sentralbord. Det er fleire pasientar som ringer inn fordi dei lurer på om dei framleis skal møte til oppsett time. Då er oppmodinga frå Ulvedal:

– Om du ikkje høyrer noko frå oss, skal du møte til timen som vanleg. Dersom avtalt time blir avlyst, blir du kontakta av oss.

Meld frå på nettet om du ikkje kan møte til time

Dersom du forsøker å kome i kontakt med Helse Førde om at du ikkje kan møte til avtalt time grunna karantene eller anna, oppmodar Ulvedal om å sende ei melding via nettsida helsenorge.no der ein kan logge inn med BankID.

MELD FRÅ PÅ NETT: Om ein ikkje kan møte til oppsett time, har ein høve til å melde frå ved å logge inn på Helse Norge si nettside, seier Terje Ulvedal.

MELD FRÅ PÅ NETT: Om ein ikkje kan møte til oppsett time, har ein høve til å melde frå ved å logge inn på Helse Norge si nettside, seier Terje Ulvedal. Foto:

Fleire instansar har sprengt kapasitet

Kapasiteten har vore sprengd hjå fleire helseinstansar sidan korona-smitta vart kjend for alvor i Norge. Etter naudnummeret 113 vart nedringt, gjekk divisjonsdirektør i Helsedirektoratet Johan Torgersen ut i NRK og bad folk heller ringe legevakta.

Laurdag melde Fredriksstad Blad at legevakta får hundrevis av korona-telefonar kvar dag, og oppmoda folk om å lese seg opp på nettet før dei ringer.

Artikkeltags