Norled kan tysdag kveld melde om tekniske problem på ferjestrekninga E39 Lavik-Oppedal, og at det difor er forseinkingar i sambandet.

Firda har førebels ikkje lykkast i å få meir informasjon frå Norled om kva som har skjedd, men ein Firda-tipsar sende kort tid før meldinga frå Norled eit bilde som skal vise MF «Stord» bli slept til kai av MF «Oppedal».

For nøyaktig ei veke sidan vart «Stord» teken ut av rute, etter at boltar i brennstoffventilane i motoren knakk.