Vegtrafikksentralen Vest melder onsdag at A-ruta på fergesambandet Lavik – Oppedal er innstilt. Årsaka til dette er tekniske problem.

Rute B og C skal gå normalt.

Klokka 11.55 melde Norled at det skal vere normal drift i sambandet frå 12.00. 23 minutt seinare er det nye innstilte avgangar. Ferjeselskapet peikar på at dette gjeld 12.40-avgangen frå Oppedal og 13.10-avgangen frå Lavik.

Det vert også kjent at det er problem med eit ladetårn som er årsaka til dei innstilte avgangane.

Innstillinga skjer dagen etter at sambandet opplevde store tekniske problem med det same. Då vart også fleire avgangar innstilte.

Seinare denne tysdagen vart et også meldt om ytterlegare problem, då Norled melde at tilsette på MF «Oppedal» hadde testa positivt for korona.

Etter dette måtte ein desinfisere heile ferja, og setje inn nytt mannskap. Fram til dette var A-ruta innstilt.