Gå til sidens hovedinnhold

Tekniske problem på Lavik-Oppedal

Rute innstilt på ferjestrekninga Lavik-Oppedal på E39.

Ferjeovergangen har tekniske problem søndag morgon. 09.47 melder Vegtrafikksentralen Vest om at rute C på ferjestrekninga Lavik-Oppedal er innstilt grunna tekniske problem. Dette gjeld ferja M/F Stavanger.

Norled melder på eigen nettstad at rute B vil starte opp med avgang frå Lavik klokka 11.10. Rute C er innstilt inntil vidare.