Tekniske problem på Lavik – Oppedal

Ferge C er innstilt og det er difor redusert kapasitet på ferjesambandet.

DEL

Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 12.59 tysdag at det er redusert kapasitet på Lavik – Oppedal-sambandet på E39.

Årsaka til den reduserte kapasiteten er at at det er tekniske problem, og C-ferja er innstilt.

Det vert seinare meldt om kø på Oppedal-sida, og om ventetid på om lag 30 minuttar.

Like før klokka 15.30 er det framleis tekniske problem på C-ferja, ifølgje Norled sine nettsider.

Klokka 20.00 er det framleis meldt om tekniske problem på sambandet, ifølgje Norled sine infosider.

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen Vest fortel til Firda at deira siste rapportar i 16-tida synte at problemet med C-ferja framleis var gjeldande. Erikstad fortel at feilen er på «Stavanger», ikkje «Ampere».

– Det vi høyrde då var at problema kunne vedvare ut dagen, men dette er noko usikkert, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken