Tekniske problem på Lavik – Oppedal

C-ruta vart innstilt og det vart forseinkingar, men no er sambandet tilbake i normal drift.

DEL

Klokka 14.34 måndag melde Vegtrafikksentralen Vest at ei rute var innstilt på ferjesambandet Lavik – Oppedal på E39.

Innstillinga omhandla C-ruta, og årsaka var tekniske problem.

Det var då ikkje oppgitt kor lenge innstillinga ville vare. Både Norled og Vegtrafikksentralen oppgav «inntil vidare» om innstillinga.

Klokka 14.53 melde Norled at A og B-ruta som følgjer av dei tekniske problema ville gå med heil og halv times frekvens. A-ruta vart også forseinka grunna innstillinga.

Klokka 15.49 er det meldt at det er normal drift på sambandet.

Artikkeltags