Vegtrafikksentralen Vest melder torsdag klokka 16.19 at det er tekniske problem på Lavik – Oppedal-sambandet på E39.

C-ruta er no innstilt frå klokka 16.20 på Oppedal-sida. Dette gjeld inntil vidare, og det er enno ikkje estimert kor lenge dei tekniske problema vil vedvare.

I tillegg til at C-ruta er innstilt vil A-ruta også gå ti minutt seinare for å kompensere for C-ruta.