Gå til sidens hovedinnhold

Tekniske problem i Helse Førde

Får ikkje oppdatert koronatala på heimesida.

Testtala for covid-19 har ikkje blitt publisert på heimesida til Helse Førde dei siste to dagane.

Det viser seg å ikkje vere tilfeldig.

Laurdag morgon sender kommunikasjonsavdelinga ut ein e-post om at dei har tekniske problem.

– Grunna tekniske problem får vi ikkje oppdatert heimesidene våre med ferske tal no i helga. Vi sender derfor ut informasjon om testresultata på e-post, heiter det.

Ingen nye smitta

Fredag var det 126 personar som testa seg for korona i Helse Førde sitt område.

Av desse var det ingen nye smitta.

Utanom to smittetilfelle denne veka, som begge hang saman med reise til Oslo, har det ikkje vore påvist smitte i Sunnfjord kommune på nær fem veker.

Les også

Stadig fleire er ferdig vaksinerte. Oddveig: – Kanskje viktigast for barnebarna

Kommentarer til denne saken