På veg frå Bergen til Sogndal møtte ekspressbåten «MS Tyrving» på tekniske problem.

– Undervegs på ferda fekk vi melding om teknisk feil på maskineriet. Då valde vi å avbryte turen, seier Bjørn Egil Søndenå, sjef for hurtigbåtar i Norled.

Båten avslutta turen og gjekk til land ved Rysjedalsvika. Dei rundt 50 passasjerarane om bord blir frakta med buss vidare til Sogndal.

Båten reiser tilbake til Bergen utan passasjerar, der dei skal sjå på den tekniske feilen. Om den blir ordna til morgondagens tur er ikkje Søndenå sikker på.

– Eg oppfordrar kundane våre til å sjekke heimesida vår, der legg vi ut informasjon, seier han.